Medan du ventar på hjelpa

Tida frå du ringer 113 og til ambulansen kjem kan verke uhorveleg lang, spesielt om det handlar om alvorleg ulukke eller sjukdom.


Jølster Røde Kors Hjelpekorps inviterer no jølstringar i alderen frå sju til hundre år på gratis førstehjelpskurs. Tema for kurset er kva  vi kan gjere medan vi ventar på ambulansen.

Mange ventar for lenge

– Vi vil syne innbyggarane i grendene i Jølster kva dei kan gjere som betyr den store forskjellen, seier operativ leiar i Jølster Røde Kors Hjelpekorps, Einar Hansen.

Hansen køyrer sjølv ambulanse, og veit mykje om kva som skal til for å redusere konsekvensen av skader eller akutt sjukdom. For mange er berre det å ringe 113 ein terskel, noko Hansen ønskjer å få bukt med.

– Det er alt for mange av dei som får slag som ventar for lenge med å ringe 113. Ein time kan bety eitt år med opptrening, eller skilnaden på det i heile teke å kunne fungere seinare i livet, kontra ikkje å fungere, seier han.

Difor er også eitt av måla å lære vekk korleis ein tolkar signala på til dømes slag og alvorlege, akutte sjukdomar. Hjarte-lungeredning vil også vere ein del av opplæringa, i tillegg til korleis ein kan handtere alvorlege skader.

Styrke beredskapen

Med dette tiltaket ønskjer Jølster Røde Kors å styrke beredskapen mellom folk i kommunen. Kanskje det ikkje er alle som klarar å utføre hjartekompresjon og innblåsingar, men alle klarar å varsle. Til fleire som kan dette, til sterkare står grendene om noko alvorleg skulle skje.

Hansen har med seg ambulansenestor og hjelpekorpsmann Norleiv Helgheim. Første grend ut er Årdal, som får tilbodet i Helgatun i kveld. Dei andre grendene vil få tilbodet så snart avtalane er klare med dei ulike grendelaga, heiter det i ei pressemelding

 Vil gje noko tilbake

– Hjelpekorset i Jølster er nede i ein bølgjedal for tida, det er liten aktivitet, men no prøver vi å gje noko tilbake til bygda, fortel Einar Hansen.

Han arbeider til dagleg som ambulansesjøfør i Florø. Hansen fortel vidare at desse kursa først og fremst er tenkte for grendene  utanom Skei og Vassenden,

– På Skei og Vassenden har brannvernet basar med hjartestartar og kan vere fort på plass. Det tek lenger tid å nå ut til resten av bygda, så difor har grendene frå Eikås til Stardalen prioritet denne gongen. Men om det syner seg ønskjeleg, kan vi ha kurs på Skei og Vassenden også, avsluttar Hansen som håpar på god oppslutning om desse kursa, som i eit gitt tilfelle kan vere det som utgjer skilnaden mellom liv og død.

Ny leiar

Jølster Røde Kors Hjelpekorps har nyleg hatt årsmøte. Der vart Heidi Fossheim Årdal vald til ny leiar. Ho stadfestar at det har vore litt laber aktivitet i det siste.

– Det eg veit, er at det ikkje har vore noko fungerande styre og liten aktivitet det siste året. Ei av årsakene til at eg tok på meg leiarvervet, var for å få på plass eit styre slik at vi kan ha håp om å kome i gang igjen, få aktivisert noverande medlemmer og få verva nye, seier den nye leiaren.