Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   To medaljar til Gloppen

Det vart bronsemedalje til både Hans Sande t.v. og Vincent Sondre Førde t.h. Foto: Gloppen FIL

To medaljar til Gloppen

Medaljefangsten i junior-NM har starta.

Det vart to medaljar til Gloppen FIL då junior-NM i frdrett starta i Harstad i dag.

På 3000 meter hinder vart det bronse til Vincent Sondre Førde  klasse U 23. Han hadde berre eit hinderløp frå før, så det var spennande om han ville ta medalje. Han opna med fem runder på kring 75 sekund, Så vart det ein litt svakare periode før han avslutta sterkt til tida 9,29,37 og bronsemedalje.

Også Hans Sande slo til med bronse i U 23 klassa med resultatet 37,71. Vinnar var ingen ringare enn VM-deltakar Sven Martin Skagestad.

Robert Andre Moldestad leverte ein finfin 100 meter og var lenge langt framme i forsøksheatet. I god medvind fekk han tida 11,69 i U 20-klassa. Det heldt ikkje til semifinale, men likevel ein fin prestasjon.

Jølstringen Matias Anderson Førde sprang 1500 meter  klasse M 22, og tok ein 8. plass med tida 4,23,46.