Dei har i alle fall ikkje høgdeskrekk dei to husmålarane. Foto: inger Lind Aasen

Med samarbeid på høgt plan

Ikkje har dei høgdeskrekk og ikkje er dei redde for utfordringar. Arnold Pupe (93) og kona Martha (84) har nyleg måla huset. Ikkje ved hjelp av stilas og rekkverk, men stigar.
- Dei er nokre tøffingar, men kvar gong eg ser dei oppe i desse stigane, så lurer eg på om det går vel, og om dei kjem seg heilskinna ned att, fortel nabo Inger Lind Aasen som har kjent paret i mange år.

Godt vaksne, men det er på papiret
Då Martha og Arnold skulle måle huset denne veka, så måtte naboen fram med mobilen for å fotografere dei to våghalsane. Bileta hamna på Facebook og har sidan gått som eld i tørt gras, og med mange kommentarar.
Kommentarar har også fotografen, Inger Lind Aasen, fått. Mellom anna frå ei dame som lurte på om det var Inger som var HMS-ansvarleg i området.
- I så fall var eg for slapp i tenesta fekk eg vite, fortel Inger
Inger Lind Aasen er elles klar på at naboane er godt opp i åra på papiret, men at dei oppfører seg som ungdomar.
- Dei er med på seniordans, dugnad og elles det meste som skjer i lokalsamfunnet, men eg blir litt uroleg når eg ser dei oppe i desse stigane, avsluttar Inger som også er imponert over all veden Arnold har sanka i hop.