Med dans som lidenskap

Dagane til Elisabet Sandal er fylte med heftige rørsler, høge hopp og terping på trinn og teori. Som ein av få utvalde vart ho i haust teken opp på Norges Dansehøyskole.




20-åringen frå Myklebustdalen har bak seg tre år på musikk- og danselinja ved Firda vidaregåande skule, samt eitt år på danselinja på Trøndertun Folkehøgskole i Trondheim.

Vald ut på audition

For å bli teken opp på ein dansehøgskule, er det ikkje nok å sende inn søknad og vitnemål. Du må vise kva du er god for på eit dansegolv. Resultatet av hundretals treningstimar over mange år skal synast fram på scena. På nokre korte minutt.

– Det er ikkje lett å kome inn, og det er tøffe opptaksprøver. På ein audition dansar ein først i ei gruppe og så solo, og så blir nokre få plukka ut, fortel Elisabet.

Litt som på film, med andre ord. I 2017 begynte 32 nye studentar på same studiet som Elisabet, av dei berre to gutar.

– Også på Trøndertun Folkehøgskule var det opptaksprøver for å kome inn, noko som var ei nyttig erfaring. Fagleg var det også eit høgt nivå her i høve til det som er vanleg på folkehøgskular, fortel ho.

Firda vgs er anerkjent

I dansemiljøet i Oslo er Firda vgs ein anerkjend skule for mange. Musikk- og danselinja har produsert fleire dansarar som både har nådd langt, og som er tidleg i karrieren.

– Dei fleste veit om Firda og danselinja. Mange har høyrt mykje positivt om nivået på undervisninga, fortel Elisabet.

Ho skildrar studiet på høgskulen som krevjande.

– Eg veit ikkje kor mange timar i veka eg brukar på dans, sikkert for mange, seier ho.

Elisabet går på studieretninga for for moderne- og samtidsdans, og omtalar retninga ho har valt som meir «nær golvet» enn for eksempel klassisk ballett.

Spennande arbeidsmarknad

Norges Dansehøyskole ligg i Oslo, og har også ei jazzlinje. Undervisinga er ei blanding av dans og teori, med fag som improvisasjon, pedagogikk, og dans med partner. Utdanninga er treårig, og studentane vert uteksaminerte med ein bachelorgrad.

Elisabet kom også inn på Northern School of Contemporary Dance i Leeds i Storbritannia, ein kjend skule for moderne dans. Ho hadde svært lyst til å begynne på denne utdanninga, men svært høge studieavgifter gjorde at ho valde Oslo og Norges Dansehøyskole.  Det er ein gratis offentleg høgskule støtta av lånekassa. Arbeidsmarknaden for dansarar er variert, ein kan arbeide til dømes innanfor teater, musikal, musikk- og TV-bransjen, ulike former for formidling eller med undervisning. Elisabet er open for mange ulike oppgåver og retningar etter endt utdanning.

Utlandet

– Eg får sjå korleis det går, det er mange spennande mogelegheiter, seier Elisabet.

Ho er ikkje framand for å prøve seg i utlandet om sjansen skulle by seg, og er open for å utforske nye miljø og oppgåver. Arbeidsmarknaden for dansarar er mykje større utanfor Noreg enn her heime, og fagmiljøet er større og meir variert.

– Eg har lyst til å oppleve verda og bruke det eg har lært, men kan også tenkje å prøve meg i kulturskulen. Vi skal ha praksis med å undervise barn i dans over nyåret, så det gleder eg meg til, fortel ho.

Til Afrika

Ballettdansarar har ikkje det lengste yrkesløpet som aktive, svært mange pensjonerer seg frå scena ved førtiårsalder. Dansarar innan disiplinen moderne dans held lengre, dei brukar kroppen på ein annan måte. Dei dansar heller ikkje på tåspissane slik som ballettdansarar gjer frå ung alder.

– Det stemmer at utøvarar innan moderne dans har lenger «levetid» som aktive dansarar. Nokre av pedagogane vi har på studiet, er langt oppe i sekstiåra, så det er råd å formidle dans sjølv om ein ikkje er unge lenger, meiner Elisabet.

I april reiser studentane ein periode til Uganda for å fordjupe seg i dansetradisjonar. Dette er eit fast årleg opplegg for førsteårstudentane. Men først vert det jul i Gloppen, og Elisabet skal ikkje berre ligge på sofaen.

– Eg kjem nok til å danse i jula også, men ikkje like mykje som elles, seier ho med eit lurt smil.