Illustrasjonsfoto

Mattilsynet melder lakseoppdrettar til politiet

Mattilsynets har meldt ein lakseoppdrettar i Sogn og Fjordane til politiet. - Vi har funne at det ikkje er samsvar mellom dei lakselustala selskapet har registrert i sine eigne system, og dei tala dei har rapportert inn til Mattilsynet, seier Hallgeir Herikstad, regiondirektør i Mattilsynet Sør og Vest

Det går fram av ei pressemelding frå Mattilsynet. Lakselus er ei stor utfordring i norsk oppdrettsnæring. Det er svært viktig at næringa rapporterer inn førekomsten av lakselus i anlegga sine. Dette er eit viktig bidrag for å få kontroll på problema med lakselus.

- Å melde nokon til politiet er eit av dei sterkaste virkemidla vi har, og noko vi gjer berre i dei mest alvorlege sakene, anten det gjeld fiskehelse eller dyrevelferd, seier Herikstad.