Home   >   Nyhende   >   Mattilsynet: Gje beskjed om døde fuglar

Ender er blant risikoartane for fugleinfluensa. Illustrasjonsfoto: Audun Braastad/NTB scanpix.

Mattilsynet: Gje beskjed om døde fuglar

Risikoen for fugleinfluensa er svært låg, men Mattilsynet meiner det er viktig at alle som kjem over døde fuglar, gjev beskjed.

Samanlikna med i fjor er utbrotet av fugleinfluensa denne vinteren svært lite, ifølgje tilsynet.

I ei pressemelding ber dei likevel alle som kjem over døde fuglar av visse risikoartar, om å gi beskjed. Desse artene er andefuglar, måkefuglar, vadarar, rovfuglar og åtseletarar.

– Vi er avhengige av tips frå publikum for at vi tidleg skal kunne fange opp tilfelle av fugleinfluensa i Noreg, seier seniorrådgivar Fredrik Wittenburg Andersen i Mattilsynet.

Denne vinteren har det vore påvist fugleinfluensa hos ville fuglar i ni europeiske land, inkludert Sverige, Finland og Danmark. Dei døde villfuglane er mellom anna funne i område der norske trekkfuglar overvintrar.

Likevel ser Mattilsynet det som lite sannsynleg at sjukdommen kjem til Noreg.

– Fugleinfluensa-variantane som dominerer i år, er av typen H5N6 og H5N8. Ingen av desse virustypane utgjer nokon fare for menneske, seier Andersen. (©NPK)