Home   >   Nyhende   >   Måtte til sjukehus etter slåsting

Ein person vart skadd i ei bilulukke i Hyen i ettermiddag.Illustrasjonsfoto.

Måtte til sjukehus etter slåsting

Ein mann måtte til sjukehus etter slåsting i Sogndal, og ei kvinne er mistenkt for køyring med ATV i rusa tilstand same stad.

Her er eit utdrag frå politiloggen natt til laurdag.

Kl. 09:03 Florø. Hjortepåkøyrsle på Rv. 5 Nordsidevegen. Hjorten sprang frå staden etter samanstøyten. Viltnemnda blei varsla og rykte ut.

Kl. 03:21 Førde. Ein overstadig rusa mann vart køyrd heim frå sentrum.

Sogndal. Kvinne i 20-åra stansa, sikta for føring av ATV i rusa tilstand. Tatt med til blodprøvetaking. Førarkort kverrsett.

Sogndal. Melding om slåsting mellom to menn, ein mann i slutten av tenåra send til sjukehus for undersøkjing.

Førde. Ein mann i 30-åra fekk pålegg om å gå heim etter funn av mindre mengder hasj. Blir meld for forholdet.

Førde. Ein overstadig rusa mann i 30-åra køyrd heim etter å ha skapt uro på ein utestad i sentrum.