Home   >   Nyhende   >   Måtte laste av

To bilar måtte laste av overvekt under ein kontroll på Kjøs tysdag. (Foto: Statens Vegvesen)

Måtte laste av

To norske varebiler vart stoppa stoppa med overlast på 300 og 400 kg under ein kontroll på Kjøs tysdag. Begge måtte laste av til lovleg vekt før dei fekk køyre vidare.

Ein lastebileigar fekk 8000 kroner i gebyr for ikkje å ha pålagd bombrikke i bilen.

Ein sjåfør fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre og kviletida.

Ein bilførar fekk køyreforbod og måtte fjerne gjenstandar i frontruta som hindra sikt før han fekk køyre vidare.

Ein bileigar vart pålagd kontroll av fartskrivar på grunn av at denne hadde feil.