Marthe Aa.

Marthe held konsert i Vereide kyrkje

Marthe Aa frå Hyen hadde eksamenskonsert i Nidarosdomen 8. juni. Komande søndag framfører den nyutdanna organisten same repertoaret i Vereide kyrkje.


24-åringen frå Hyen har nyleg fullført utdanninga si i kyrkjemusikk med ei bachelorgrad ved NTNU Institutt for musikk i Trondheim, med Jon Skogstad og Harald Rise som lærarar. Studiet vart avslutta med eksamenskonsert i Nidarosdomen, og same konserten vil bli framført i Vereide kyrkje søndag 3. juli.

Starta med piano


Far til Marthe, Sivert Aa, har vore organist i Gloppen i fleire tiår, men er no pensjonist. Han har hatt arbeidsplassen sin i Hyen kyrkje.

– Er det far din som har inspirert deg til å bli organist?

– Det er i alle fall gjennom han at eg har fått vite om denne utdanningsvegen. Eg har spelt piano i mange år, og har gått på musikklinja på Firda vidaregåande skule. Det er like mykje det som gjer at eg har valt å bli musikar, fortel ho.

På musikklinja hadde ho piano som hovudinstrument.

– Eg begynte å spele orgel etter at eg var ferdig på Firda. Eg gjekk eitt år på Viken folkehøgskule før eg flytta til Trondheim. Når du skal spele orgel, må du lære deg å spele pedal. Det er den største skilnaden mellom piano og orgel. I tillegg er det ein annleis måte å spele på. Det krev ein del tilvenning, og det tek litt tid å kome inn i det. Notane er dei same, så ein har eit greitt utganspunkt når ein har spelt piano først, forklarer Marthe Aa.

Les heile artikkelen i papirutgåva fredag.