Maria W. Ose gjekk heilt til topps i den eldste klassa då dei beste unge fløytespelarane frå heile landet var samla i Skien i helga. Foto: Ann Karin W. Ose.

Maria vart beste fløytespelar

Sist søndag vart landets aller første konkurranse for unge fløytespelarar arrangert i Skien. Heilt til topps i den eldste klassa gjekk Maria W. Ose frå Sandane. Sogn og Fjordane tok to av fire førsteprisar!

Søndag 11/1 arrangerte Norsk Fløyteforum (NFF) landets aller første fløytekonkurranse i Skien. NFF er stifta av fløyteprofessorar og profesjonelle fløytistar som ønsker å lage fleire møtestader for spesielt unge fløytespelarar. Arrangementet var svært godt gjennomført, alle deltakarar hadde ein mentor som støtta dei og leia dei gjennom strabasane. Det er godt gjort å ha god stemning ein heil dag når det trass alt er ganske nervepirrande med konkurranse!

Tre klasser

Det var tre aldersgrupper, og i klasse A, der dei yngste spelte, vann tiårige Alfred Daling Korsøen frå Førde Kulturskule. Maria W. Ose frå Firda VGS, Sandane/Barratt Due Unge Talent spelte seg til siger i klasse C, der dei eldste konkurrerte.

Vinnarane spelte på festkonserten for alle dei andre, og fekk pengepremiar og andre flotte premiar i tillegg. Ingrid W. Ose og Kamilla Tveit deltok òg i eldste klasse, så i alt var det fire deltakarar frå vårt fylke. Sogn og Fjordane vann altså to av tre klasser i denne konkurransen. Det kan ein godt vere stolt av!

Les meir i papirutgåva fredag.