Arne Hage (t.v.)og Claus Hermansen sit i prosjektgruppa som ønskjer å etablere båthamn i Utvik.

– Mange har spurt etter båtplass

– Sel vi minst halvparten av dei 50 båtplassane på førehand, blir prosjektet sett i gang, seier Claus Hermansen og Arne Hage i Utvik Brygge.

Saman med Kjell Ove Frøyset, Remi Williams og Ola Steinar Hestenes, sit duoen Hermansen og Hage i prosjektgruppa som arbeider med å etablere småbåthamn i Utvik sentrum. Prosjektet har fått arbeidstittelen Utvik Brygge.

– Vi manglar noko

– Det er kjekt om småbåthamna kan vere på plass til Sommardagane siste helga i juli, smiler kafévert Claus Hermansen.

Det er snart eit år sidan han kom til Utvik for å drive Kafé Sjøatunet. Mellom erfaringane han har gjort seg i den idylliske bygda på sørsida av Nordfjorden, er at det er trong for ei skikkeleg småbåthamn og gjestebryggje.

– Vi har hatt ei gjestebryggje med seks plassar, men frå fjorden er det få som ser henne. Dei som gjer det, trur det er ei privatbryggje. Eg synest vi manglar noko. Ideen om ei småbåthamn har teke form, og no ligg han her, seier Hermansen og peikar på skissene over anlegget som er tenkt plassert midt i Utvik sentrum, like ved kafeen og daglegvarebutikken.

I planane inngår også etablering av eit sanitæranlegg i kjellaren på Sjøatunet.

Les meir i papirutgåva fredag 17. februar.