Handbakbrytarane frå Jølster tok med seg ti medaljer heim att frå NM

Mange handbakmedaljer til Jølster

NM i handbak gjekk av stabelen på Skedsmo laurdag, og som vanleg tok jølstringane godt føre seg av medaljefatet.

Heile ti medaljer vart det på brytarane frå Jølster, to av dei av edlaste valør og til same utøvar, nemleg Kristian Kråkenes.

Juniorar

Kristian Kråkenes er i eldste junioklasse, inntil 21 år,  og bryt i klasse  over 80 kg. Ein annan og yngre junior, Victor Bergmann, tok sølv i med venstrehanda og bronse med høgre i klasse under 80 kg. Runar Berg som bryt i same aldersgruppe og vektklasse fekk også ei sølv og ei bronse, men med motsette hender av Bergmann sine resultat.

Også gode seniorar

Jan-Erik Sunde tok sølv med venstre og bronse med høgre i master under 78 kg. Sjefen sjølv, Ottar Berg, laut klare seg med ei bronse  med høgrehanda og femteplass med venstre i master inntil 95 kg.

Geir Inge Olsen tok bronse med høgre og femteplass med venstre i junior 21 år +80 kg. Elles fekk Torbjørn Vollan fjerdeplass med høgre og femteplass med venstre i master -78 kg.

Dei siste plasseringane til Jølster kom ved Raymond Lillemo med to femteplassar i senior +105 kg, og Tom Erik Berg med sjetteplass med høgre og sjuande plass med venstre i senior +105 kg.