Målpris til Frydenbø
-At de brukar nynorsk i marknadsføringa her i fylket betyr at de bryr dykk om kundane, sa avtroppande fylkesleiar i mållaget, Aud Lunde, då ho gav årets målpris til Frydenbø Bilsenter AS.
-Dette er ei stor ære for oss, sa salssjef Geir Farsund hos Frydenbø då han tok i mot målprisen. Frydenbø får prisen for sin konsekvente bruk av nynorsk i marknadsføringa i Sogn og Fjordane.
Mållaget har også merka seg det jubileumsmagasinet som Frydenbø laga til 100-årsjubileet i fjor og ein annonsekampanje i høve det same jubileet.
Meir om dette i papiravisa måndag