Bø blad har fått Målblome frå Noregs Mållag. Frå venstre: Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Sudbø Kleppe og Gro Birgitte Røiland i Bø blad og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Foto: Marta Kjøllesdal/Bø blad.

Målheider til lokalavis i Telemark

Lokalavisa Bø blad i Telemark får årets Målblome frå Noregs Mållag. 


– Vi synest det er viktig at Bø blad held på nynorsken når dei no skal utvide dekningsområdet til å dekkje både Sauherad og Bø. Bø blad får Målblomen 2018 av Noregs Mållag fordi avisa frimodig brukar nynorsken og stør opp under dialektane lokalt, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.


I grunngjevinga står det mellom anna at Bø blad kjem ut i eit område der nynorsk har sterk konkurranse frå bokmål. Det er difor ekstra viktig at nynorskbrukarane i Midt-Telemark kan lese nynorsk i si eiga lokalavis. Det gir eit godt ryggstø for nynorsken i Bø.


Juryen meiner Bø blad er på lag med bygda si. Dei stør opp om dialekta i Bø, og det gir språkleg sjølvtillit når lokalavisa heiar fram dialektprat. Noregs Mållag er òg svært glad for at avisa aktivt oppmodar næringslivet i Bø til å velje nynorsk i marknadsføringa – og gjerne hjelper dei med språket om dei vil.


Dei nynorske lokalavisene i Noreg er svært viktige for det nynorske språket. Stoda har endra seg mykje frå den første avisa på landsmål kom som ei einsleg svale i 1858 – den legendariske Dølen, gitt ut av Aasmund Olavsson Vinje. Det er no 66 aviser som heilt eller delvis har nynorsk som redaksjonelt språk. Ei av desse nynorskavisene er Bø blad. (©NPK)