Petja Cink og STIL spelar heime mot Kaupanger i kveld.

Må ta ein ny trepoengar i kveld

Etter sigeren mot Tornado Måløy sist, lever håpet om fornya 4. divisjonskontrakt for STIL. Neste hinder på veg mot målet er Kaupanger på Idrettsplassen.

Kaupanger var det einaste laget sandensarane slo i vårsesongen. I 2. serierunde vart det 2-1-siger på kunstgraset på Kaupangerskogen.

Sogningane ligg på 9. plass på tabellen med elleve poeng, og er mellom laga STIL må passere for å spele 4. divisjonsfotball også neste sesong. Trenar Øyvind Hervik melder at laget stiller fulltalig til kampen.

Vi tippar eit forsterka STIL-lag klarer brasane og tek sin tredje siger for sesongen.