Må stole på Sotra

Kjøkkelvik slo Dale 26-18 i sin siste kamp i 3. divisjon for kvinner og gjekk dermed forbi GHK på tabellen.

Glopparane enda dermed nest sist, og er avhengig av at Sotra bergar plassen i 2. divisjon for å få spele i 3. divisjon neste sesong.

Sotra ligg på 11. plass av dei tolv laga i avdeling 2, men har likevel gode utsikter til å fornye kontrakten. Avgjerda fell komande helg.