Ørjan Sundal (t.v.), Edvin Øygard og dei andre GHK-spelarane må brette opp ermane og setje alt inn på å slå Lillehammer Faaberg i morgon ettermiddag.

Må slå Lillehammer Faaberg

GHK sitt herrelag spelar ein svært viktig kamp i Trivselshallen laurdag ettermiddag. Motstandar er Lillehammer Faaberg Håndball 09, laget som ligg på den siste sikre plassen i 2. divisjon.

Glopparane har teke berre to poeng så langt denne sesongen og ligg på tolvte og sisteplass på tabellen. Lillehammer Faaberg har plassert seg to plassar høgare med sine tre sigrar og seks poeng.

Skal heimelaget framleis ha eit realistisk håp om å berge plassen, er truleg berre siger godt nok i denne kampen.

I det motsette oppgjeret i Jorekstad idrettshall i oktober vann heimelaget 25-20. GHK bør vere betre no enn den gongen, sjølv om dei to klare tapa i Oslo sist helg ikkje tyder på det.

Vi håpar og trur dei raudkledde mobiliserer, grip sjansen og sikrar seg to livsviktige poeng.