Utsikt frå Sandane Panorama. Biletet er henta frå salsprospektet.

- Må selje fleire

– Vi har omprosjektert i håp om å selje fleire. No blir det 15 leilegheiter i staden for 13, seier Lene Haukeland i Hus Eiendommer, som formidlar salet av dei nye husværa over Grandane senter.

I slutten av mars la Sandane Handelseigedom ut 13 leilegheiter for sal i ein ny etasje over Grandane senter midt i Sandane sentrum. Prosjektet har fått namnet Sandane Panorama. Så langt er fem leilegheiter selde.

Deler den største

– Vi har fått tilbakemeldingar om at mange synest leilegheitene er for store. Difor har vi gått ned i storleik på nokre av dei, no er den minste heilt nede i 45 kvadratmeter. Prisen på denne er sett til 2.290.000 kroner, fortel Lene Haukeland.

I det opphavelege prosjektet var husværa mellom 70 og 133 kvadratmeter, med prisar frå 3.190.000 til 6.690.000 kroner.

– Vi har selt to av dei dyraste leilegheitene, men den aller største har vi delt. Denne blir no til to leilegheiter på 86 og 101 kvadratmeter. Sistnemnde har ein pris på 5,1 millionar kroner.

Avklaring i august

I tillegg til dei fem selde einingane, har to vore reserverte. Om desse blir selde til dei noverande interessentane, er ikkje avgjort.

– Vi må selje fleire leilegheiter for å starte prosjektet. Endeleg avklaring kjem ikkje før i slutten av august, seier Haukeland og legg til at dei som allereie har kjøpt leilegheit sjølvsagt ønskjer å flytte inn snarast råd.

– Vi håpar å kome i gang i løpet av hausten, med ferdigstilling neste sommar, sluttar ho.