Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Må bu seg på lang ventetid

MF Årdal på Lote-Anda. Illustrasjonsfoto.

Må bu seg på lang ventetid

Også søndag blir strekninga Anda-Lote trafikkert med berre éi ferje. Reisande må bu seg på lang ventetid.

Ekstraferja MF Sognefjord, som vart sett i trafikk på Anda-Lote etter at Utvikfjellet vart stengt, har tekniske problem og kjem ikkje i drift søndag. Dermed må MF Årdal ta unna all trafikken åleine.

Med stor trafikk som følgje av avslutning av fellesferien, blir det nok lange køar på begge sider av fjorden utover dagen.