Home   >   Nyhende   >   Lokalfotballen rullar igjen

Både STIL, her representert ved Espen Reed Lote (t.v.), og Ola Vågane og Jølster sparkar i gang haustsesongen måndag kveld.

Lokalfotballen rullar igjen

Både Sandane og Jølster skal i aksjon måndag kveld. Sandane møter Syril på heimebane, Jølster tek turen til Gaupne for å spele mot Bjørn.

Andre halvdel av 5. divisjonssesongen startar søndag, men «våre» lag spelar først måndag.

Sju strake sigrar

Sandane gjekk på eit svært surt tap då Syril var motstandar i serieopninga i slutten av april. Etter å ha gjennomført store delar av kampen med ti spelarar, måtte dei blåkledde sjå heimelaget vinne 4-3 og sikre seg alle poenga.

Begge laga har ein sterk vårsesong bak seg. Sandane ligg på 2. plass på tabellen med 22 poeng, Syril følgjer hakk i hæl med eitt poeng mindre.

Vi tippar sandensarane, som står med sju strake sigrar, syner seg som eit betre lag enn gjestane frå Systrond og forlenger den fine sigersrekka.

Fine tendensar

Jølster har variert i prestasjonane så langt i sesongen, men etter å ha fått tilbake fleire rutinerte spelarar, viste laget positive tendensar i dei siste kampane før sommarkvilen. Laget ligg på 6. plass på tabellen med 13 poeng, medan måndagens motstandar Bjørn ligg nest sist med sine åtte.

Det motsette oppgjeret i vår enda med ein trygg 2-0 siger til Thomas Flatebø sine menn. Vi tippar også denne kampen bikkar i jølstringane sin favør.

Sandane/Breimsbygda sitt lag i 3. divisjon for kvinner spelar sin første haustkamp 20. august. Då går turen til Stryn.