Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Ljøren er på plass i butikken

2017-utgåva av Ljøren er på plass i butikkhyllene.

Ljøren er på plass i butikken

Like sikkert som at jula nærmar seg i slutten av november, så er Gloppen Sogelag ute med årsskriftet sitt. I år er Ljøren på plass i butikkhyllene for 19. gong, og bladet følgjer i kjende spor når det gjeld innhald og utforming.

– Sogelaget si målsetjing er å samle inn, ta vare på og spreie kunnskap om Gloppen si historie. Ljøren er kanskje det viktigaste verkemiddelet vi har for å oppfylle denne målsetjinga skriv redaksjonen innleiingsvis i bladet.

God spreiing
Målsetjinga til sogelaget er sjølvsagt både god og viktig, for det er no ein gong slik at den som skal forstå notida og kunne forme framtida, han eller ho må kjenne fortida. Sett i lys av dette gjer sogelaget i Gloppen eit viktig og samfunnsnyttig arbeid med sogeskriftet sitt.

Når det så i tillegg kjem mykje god underhaldning ut av eit slikt blad, så har sogelaget treft det så godt som det let seg gjere; nemleg å drive historieformidling på ein folkeleg og lettfatteleg måte. Folka bak bladet er også stort sett dei same som har vore med sidan starten, og leiaren av sogelaget, Sverre Folkestad, er også i år redaksjonssjef. Artiklane har stor variasjon i tema og innhald, og dei har eit tidsspenn som femner frå dansketida og fram til no.

Krigsminne
Ljøren er i år på 78 sider, 14-15 namn er å finne på forfattarlista. Også dei fleste av desse har vi sett i bladet sine spalter før.

Ein utflytt gloppar, Tore Ødven, har skrive om opplevingar i oppveksten på Sandane i krigsåra, sett gjennom barneauge. Her får vi høyre om små og store hendingar i ei vanskeleg tid, og vi får høyre om både litt artige og meir alvorlege møte mellom born og «Herrefolket» sine representantar på Sandane. Stort sett var dei tyske soldatane greie mot ungane, det kunne til og med vanke drops, for ikkje å snakke om ein kanin eller to når småkarane var med og stelte kaninane som tyskarane hadde i Ødvenfjæra, der det også vart stalla opp ridehestar, i tillegg til griser i eitt av nausta.

Hotellbrann
Krigen og livet i eit okkupert land, var sjølvsagt dramatisk, men det mangla heller ikkje på dramatikk 18. februar 1970, dagen då snøen lava ned som aldri før og Hotel Gloppen brann ned til grunnen.

I artikkelen som er førd i pennen av Aadne Gloppestad, får vi høyre om ras og stengde vegar, brøyteutstyr som køyrde seg fast og kaos over alt. Oddmund Seime frå Årdalen i Breim, som skulle til Sandane for brøyte i sentrum, brukte ti timar på turen, og det første han fekk sjå då han endeleg kom fram var røyken som seig opp frå taket på hotellet. Dermed vart første jobben å brøyte veg for brannbilen. Hotellet brann ned, men det skjedde fleire ting den dagen. Motorbåten Hyefjord var nær ved å kantre grunna fonnvind, og på Osmundnes sopte fonna med seg ei løe.

Spesiell fut
Futane i dansketida var ikkje av dei mest populære, men ein av dei, Morits Jensen som budde i Gloppen, har fått ein artikkel om livet sitt og etterkommarane. Futen blir skildra av Håkon Sandvik.
Kristin Eriksen Hill skriv om oldefaren David Pedersen Kvile frå Breim, som fór til Telemark og vart lærar der før han flytte til Østerdalen og vart ein omtykt mann med mange verv, som det står.

Elles har bladet også ein del næringslivshistorie. Arne Eikenes fortel historia om messingproduksjonen på Hestenesøyra, medan Magnar Heimset fortel om skog- og sagbruksdrift i Hyen. Kari Jordanger tek føre seg historia til Nedre Breim Meieri, medan Arne E. Gimmestad skriv om då nokre karar under krigen tok på seg å hogge ved til tyskarane i Langedalen.

Når vi så tek med at Odd Hansen fortel om ein korpstur for 80 år sidan og Jostein Bergheim tek føre seg dei nyleg oppdaga fangstanlegga på fjellet Vora i Breim, så er vi komne heilt fram til året 2017 og forteljinga om Austrheim musikklag sin landsdekkande turné i høve 100-års jubileet.

Faste postar
Ljøren har også i år ei samling artige avisklipp frå avisa Nordfjord for 100 år sidan. Det er også eit fyldig utval av saker som har vore på trykk i Firda Tidend sine Før i verda-spalter. Eitt av bileta der syner Bjarne Bø som har teke eit solid grep om handa til Dronning Sonja på flyplassen i 1999. Det er Ola Nyhagen, Sverre Folkestad og Jan Kåre Fure som tek seg av dette stoffet.
Til slutt nemner vi ein artikkel om prestegarden på Vereide av Audun Glomnes, medan Ingrid Berger skriv om ein færing på museet.

Alt i alt er dette eit blad vi trygt kan tilrå glopparar og andre å få i hus no når det stundar til jul. For å komme i god julestemning, kan kjøparane lese om julebrevet frå 1917 som Anne Ryssdal Tveit fortel om.