Illustrasjonsbilete.

Litt av kvart for politiet

Litt av kvart frå politiet fredag ettermiddag/kveld og natt til laurdag.

Førde: Ved ein promillekontroll på E39 ved Bruland vart ein person teken med til blodprøve med lavpromille. Sak vert oppretta.

Politiet viste vekk ein rusa mann som oppheldt seg på helikopterlandingsplassen ved sjukehuset.

Politiet vart merksam på uro ved ein bensinstasjon i Førde sentrum. Fleire personar var hissige. Ein rusa mann vart køyrt heim.

Florø: Det oppstod slagsmål mellom to menn på utsida av legesenteret. Dei to gjekk etter litt derifrå, medan politiet var på veg til staden.

Bakruta på ein turbuss som stod parkert ved Firda Billag er blitt knust i løpet av natta. Saka vert meld. Tips på tlf 02800.

Politiet tok hand om ein truleg stolen sykkel. Ein Diamant Zenit 20 fleirfarga. Vedkomande ville ikkje opplyse kvar sykkelen kom ifrå.

Sogndal: Politiet og Røde Kors sette i verk søk etter ein rusa mann i Sogndal sentrum.

Høyanger: Politiet har hatt trafikkontroll på Kyrkjebø. 44 førarar vart kontrollert, ingen reaksjonar.

UP har meldt ein førar for å ha køyrt 129km/t i 80 sone ved ein fartskontroll på E39 i Bogstunnelen. Førarkortet vart beslaglagt. I tillegg vart det ilagt eitt forenkla førelegg.