Home   >   Fylket   >   Lite rovviltskade i beitesesongen

2016 vart tilnærma eit normalår for utbetaling av rovdyrskade i fylket.

Lite rovviltskade i beitesesongen

2016 vart tilnærma eit normalår for utbetaling av rovdyrskade i fylket. Totalt vart det utbetalt vel kr. 525.000,-. i erstatningar. Det melder Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Dei største tapsområda er som vanleg å finne i Indre Sogn. Spesielt Årdal og Luster har ein del tap i område der det har vore jerveskade tidlegare år. Det er difor erstatta 16 vaksne søyer og 78 lam i dei to kommunane grunna sannsynleg jerveskade.

I tillegg er det utbetalt erstatning for «uspesifisert freda rovvilt» i fleire kommunar. Dette er erstatning for tap grunna sannsynleg rovviltskade, men der det er usikkert kva rovdyrart som er skadegjerar.

Statens Naturoppsyn (SNO) har undersøkt 81 kadaver i Sogn og Fjordane. Av desse var 11 kongeørnskade. Resten er fordelt på ukjent årsak (42), ikkje rovvilt (18), rev (8), ulukke (1) og sjukdom (1). Kongeørnskadane er frå Askvoll, Solund, Leikanger, Luster, Lærdal, Aurland og Førde kommunar.

I resten av fylket er det lite skade.

SNO tok ut to vaksne jerv i Luster kommune og ein vaksen i Lærdal kommune ved ekstraordinære uttak, og ein jerv vart felt ved lisensfelling i Mørkridsdalen, Luster kommune.

Den vedlagte tabellen viser erstatningane fordelt på skadegjerar og kommune.

Det vart frå i fjor sett i gong eit forsøksprosjekt i Indre Sogn med å gjere lisensjakta på jerv meir effektiv. Dette inkluderer bruk av kunstig lys på åte, jervebås med kameraovervaking og meir/enklare bruk av snøskutertransport til og frå jervebås og åte. Hovudmålet er å felle fleire jervar under tilnærma ordinær jakt, og slik unngå at SNO må bruke helikopter til uttak av jerv og gjere hiuttak.

Rovvilt – kommunevis erstatning i 2016.