Lite å finne hos politiet

Det er lite å finne frå Sogn og Fjordane på politiloggen til Vest Politidistrikt. Det meste handlar om trafikkuhell på det glatte føret.

Unntaket var meldinga om at ein mann  i 30-åra litt før midnatt laurdag vart meld for å bruke og ha med seg narkotika.  Resten av meldingane dreia seg om trafikk. Her er det som kunne hentast ut av loggen søndag morgon frå vårt fylke:

I Bjørndalvegen i  Florø køyrde ein bil i autovernet laurdag kveld. Føraren klaga over vond nakke og melde at det var fire ungdommar i bilen. Nødetatane rykte ut.










Laurdag var det også ei møteulukke på det glatte føret rett før Langeland der ein personbil og ein bubil kolliderte. To personar i personbilen vart meldt skadde, og ambulanse rykte ut. Vegen var delvis open slik at trafikken kunne passere.