– Kraftoverskotet må brukast viss krafta skal ha ein verdi. Det blir inga grøn verdiskaping utan svarte tal. Vi kan ikkje subsidiere oss til ei grøn framtid. Då blir ho ganske grå, sa Nikolai Astrup.

– Ligg store moglegheiter i det grøne skiftet

– Det grøne skiftet er i gang. Her ligg det store moglegheiter for Noreg, for norsk kraftbransje og for norsk industri, sa Nikolai Astrup under Kraft i vest-konferansen torsdag.

Nikolai Astrup er nestleiar i Stortinget sin energi- og miljøkomité og miljøpolitisk talsmann for Høgre. Torsdag heldt han foredrag om det grøne skiftet i kultursalen i Trivselshagen. Han understreka at publikum ikkje ville få fasiten på kva som kjem i den nye energimeldinga, derimot tankar om kva problemstillingar meldinga vil ta opp.

– Alle må vere med

Astrup starta med det store biletet før han kom inn på den nasjonale politikken.

– Kvifor treng vi eit grønt skifte? I 1952 var det 2,5 milliardar menneske i verda, 25 prosent var europearar. No har vi passert sju milliardar menneske, sju prosent er europearar. Det viser to ting: Vi kan ikkje løyse denne utfordringa i Europa. Vi må ha med alle. I 2050 vil vi nærme oss ti milliardar menneske. Det betyr at vi må utnytte stadig knappare ressursar på ein stadig betre måte. Vi overforbrukar jorda sine ressursar i eit tempo som ein aldri har sett maken til. Det er ei kjempeutfordring, understreka han.

Nokre hevdar at svaret på utfordringa er mindre vekst.

– Svaret er etter mitt syn at vi må løfte menneske ut av fattigdom. Då treng vi vekst, men vi må syte for at veksten er berekraftig. Vi må klare å lausrive økonomisk vekst og velstandsutvikling i verda frå utsleppsvekst. Det er utfordringa vi står overfor. Det er mogleg å få til, og vi finn eitt av dei beste døma på det her i Noreg. Norsk industri har sidan 1990 klart å redusere utsleppa med nesten 40 prosent. Samtidig har dei neste dobla produksjonen. Det viser at det er mogleg å produsere meir og samtidig sleppe ut mindre, sa han.

Les heile saka i papirutgåva måndag.