Også i dag har store styrkar delteke i leiteabeidet.

Leitar vidare

Store styrkar frå Røde Kors og politiet leitar vidare etter den sakna Per-Arne Hestenes i Breim i dag.

Lensmann Nils Ove Roset i Gloppen opplyser laurdag føremiddag at 26 personar frå Røde Kors og to frå politiet deltek i leiteaksjonen.

- Vi konsentrerer oss om området mellom Skrøppavegen og E39. Vi har ikkje planlangt noko utover dette, seier han.

Leitinga pågjekk heile fredag utan at det vart funne spor etter den sakna. I tillegg la politiet ned eit omfattande etterforskingsarbeid.

- Vi jobba intenst med utsjekking av elektroniske spor og avhøyring av vitne. Det er gjort eit formidabelt arbeid for å finne ut kvar han er, men vi har ikkje funne noko å gå etter. Dette er ei forsvinningssak, det er ikkje mistanke om noko kriminelt, seier lensmannen.