Home   >   Nyhende   >   Leita etter rypejeger

Leita etter rypejeger


Ein rypejeger i 50-åra kom til rette på eiga hand etter at både Røde Kors og Norske redningshundar hadde vore ute på leiting etter mannen torsdag kveld, melder politiet på Twitter.

To timar etter midnatt møtte leitemannskapet mannen gåande, uskadd, men kald. Mannen hadde jakta i området ved Steinbergdalen i Aurland, og gått seg vill.

• • •

Ein person er fråteken førarkortet etter at han mista kontrollen på bilen og fekk skrens på E39 gjennom Sande i Gaular torsdag kveld. Både politi og brennvesen rykte ut til staden.

• • •

To førarar fekk forenkla førarkort i ein kontroll på Knapstad i Eikefjorden. Høgst fart i 80-sona vart målt til 102 km/t. I tillegg fekk tre førarar skriftlege pålegg for feil på lys.

I 60-sona gjennom Høyheimsvik i Luster fekk to førarar forenkla førelegg i ein fartskontroll. Her gjekk det på det fortaste i 81 km/t.