Måndag 13. april overtok Bunnpris drifta av denne matforretninga i Sandane Senter, men drifta er ikkje lønsam. Mest truleg vil butikken bli nedlagd før kontraktstida går ut.

Legg ned Bunnpris i senteret

Sidan april i år har Bunnpris drive to butikkar på Sandane. No vel kjeden å satse på butikken i Gotavegen. – Leigekontrakten i Sandane Senter går snart ut. I god tid før dette, vil Bunnpris Gloppen bli nedlagd, seier Reidar Sandøy.


Reidar Sandøy er dagleg leiar i Bunnpris Møre, som eig både Bunnpris Sandane i Gotavegen og Bunnpris Gloppen i Sandane Senter.

– Må gjere eit val

Coop sitt oppkjøp av ICA Norge medførte endringar for ei rekkje matbutikkar her til lands. Konkurransetilsynet sette fram krav om at Coop måtte selje 43 av butikkane i ICA-kjeden til Bunnpris, medan 50 butikkar gjekk til Norgesgruppen.

Bunnpris Møre vart tildelt seks butikkar og overtok matforretninga i Sandane Senter i april. 14. mai året før opna Bunnpris ny butikk i Gotavegen.

– Vi fekk Bunnpris Gloppen som ekstrabutikk av Konkurransetilsynet. To butikkar med ein og same profil på same stad vil alltid vere ei utfordring. Vi har sagt til dei tilsette at vi skal gjere ei vurdering. No nærmar vi oss at leigekontrakten går ut. I den samanheng må vi gjere eit val. Vi ser at omsetninga ikkje er stor nok til å halde fram i senteret, seier Sandøy.

Les heile saka i papirutgåva fredag.