Innflyging til Sandane lufthamn frå vest i skumringstimen. Foto: Jan Nik. Hansen

Landets finaste flyplass

Sandane lufthamn toppar i eksklusiv kåring.

Reiselivsmagasinet til Aftenposten, Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende har kåra landets ti finaste flyplassar i samarbeid med Widerøe sine pilotar. Og heilt på toppen av den høgst eksklusive lista i dette vakre flylandet vårt tronar Sandane lufthamn.
43 reisemål
Widerøe sine pilotar fekk i oppgåve å røyste fram sine topp ti flyplassar av alle deira 43 reisemål i Noreg.
– Våre pilotar har verdas vakraste kontorutsikt kvar dag, dei er nokre heldiggriser. Det er fantastiske stadar som er komne med på lista, og ikkje minst som tronar øvst, seier informasjonssjef Catharina Solli i Widerøe.
Dette er lista
Lista over topp ti er utarbeidd av Widerøes pilotar, flyentusiasten Henrik Eide (16) og den bereiste redaksjonen i dei tre avisene. Her er deira rangering.
1. Sandane
Den er vill og vakker – innflyginga til Sandane flyplass i Anda i Sogn og Fjordane.
2. Svolvær
- Naturen rundt flyplassen er det viktigaste, seier flyentusiast Henrik Eide (16).
3. Bodø
4. Brønnøysund
5. Ørsta/Volda
6. Stokmarknes
7. Sandnessjøen
8. Honningsvåg
9. Sørkjosen
10. Røst




Dei tre avisene har lagt kåringa ut til røysting hjå lesarane sine, også der toppar Sandane lufthamn akkurat no. Du kan lese meir om kåringa og gje di røyst her:
http://www.bt.no/reise/Norges-fineste-flyplasser-786822_1.snd

Innflyging frå aust med rullebana og Devika i bakgrunnen.
Innflyging frå aust med rullebana og Devika i bakgrunnen.