Fiskeglede på laksecamp for ungdom. Foto: Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Laksefiskeglede blant ungdom

Camp Villaks er eit prosjekt for 14-18-åringar, der dei får tilbod om fiske og opphald i nokre av dei beste lakseelvane i landet. Målet er at ungdom skal få god opplæring, erfaring og kunnskap om laksefiske.



Camp Villaks har vore arrangert i fleire år, og har vist seg å vere eit vellykka prosjekt. Mange av deltakarane hare fått sin første laks under campen.


I år er det etablert laksecamp i 13 norske lakseelver, frå Lygna i sør til Kongfjordselva i nord. Kjente lakseelvar som Altaelva, Namsen, Målselv og Vosso er alle med i årets Camp Villaks. Fullstendig oversikt over alle tilboda, tidspunkt og påmeldingsinfo ligg på nettstaden campvillaks.no.


Hovudaktiviteten på campen skal vere praktisk fiske, og deltakarane sit vonleg att med verdifull kunnskap om kvar i elva laksen står, kva for knutar som gjeld, dei ulike fiskevettreglane, og dei har lært å bruke ulike typar fiskereiskap. På fleire av campane har det også vore andre aktivitetar, som flugebinding, lesing av skjelprøvar, sikkerheitskurs med brannvesenet og besøk på klekkeri.


Camp Villaks vert arrangert av det lokale elvelaget og den lokale jeger- og fiskeforeininga, med Norske Lakseelver og Norges Jeger- og Fiskerforbund som støttespelarar. Camp Villaks har fått støtte frå Miljødirektoratet og Sparebankstiftelsen. (©NPK)