Sigrid Moldestad held ein unik konsert med eigne godlåtar på Åmot operagard. Slikt vert det TV-program av. FOTO: Magnus Skrede.

Lagar TV-konsert med Sigrid

Sigrid Moldestad har plukka fram nokre av sine sterkaste låtar frå si musikalske karriere når ho inviterer til intim TV-konsert på Åmot Operagard. Det er NRK Sogn og Fjordane og operagarden som saman arrangerer denne unike konserten.

NRK skal lage TV-produksjon av konserten, slik at det norske folk også skal få sjansen til å oppleve den seinare i år. Her får du kome tett på og oppleve Sigrid som den dyktige songaren, felespelaren og historieforteljaren ho er.

Har drøymt om det lenge

Konserten vert arrangert i den restaurerte og stemningsfulle låven på Åmot Operagard.

– Vi er stolte og glade for å få lov til å legge rammene rundt konserten med «Det beste frå Sigrid Moldestad.» Lenge har vi drøymt om denne moglegheita til å fylle operalåven med publikum for å møte noko av det beste Norge har å by på av artistar, seier Steinar Sørli ved Åmot Operagard.

Les meir i papirutgåva måndag.