Home   >   Nyhende   >   Kven fortener årets fylkeskulturpris?

Sigrid Moldestad fekk fylkeskulturprisen i 2010. No ønskjer fylekskommunen innspel til nye kandidatar. Bilete frå Gloppen musikkfest 2013.

Kven fortener årets fylkeskulturpris?


Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få fylkeskulturprisen 2017?

Sigrid Terese Moldestad, Kari Støfringsdal, Nedre Jølster Bilelag og Oddbjørn Hjelmeset har til felles at dei alle har fått fylkeskommunen sin kulturpris i løpet av dei siste ti åra. No ynskjer fylkeskommunen framlegg til kandidatar til fylkeskulturprisen 2017.

Kriterium
Prisen går til einskildpersonar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Prisvinnaren må ha vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.

Prisen er på 50 000 kr og eit diplom. Utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember. I fjor gjekk prisen til Ove Henning Solheim og Dans Utan Grenser for arbeidet med å etablere og drive danseverkstadar.

Fylkeskommunen har delt ut fylkeskulturprisen sidan 1980. Målet er å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane, og å inspirere til å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Fristen for å nominere kandidatar er 1. november 2017.

Les meir om fylkeskulturprisen og sjå oversikt over tidlegare vinnarar.