– Kvaliteten på epla er kjempegod, seier Børre Tystad og gjev høgtrykket den siste tida sin del av æra for dette. Men dei kalde nettene har også skapt problem for frukt- og grønsaksbonden. 10.000 isbergsalatar har frose og kan berre brukast til dyrefôr.

– Kvalitetsmessig er det eit toppår

– Høgtrykket kom på eit heilt perfekt tidspunkt. Den siste veka har vore heilt super både for smak og farge, seier Børre Tystad og plukkar aromaeple i høgt tempo.

Denne veka vart dei siste epla på bruket til Børre Tystad på Nordstranda hausta. Den våte sommaren gjorde at det lenge var uvisst kor gode aromaavlingane ville bli, men finvêret den siste tida har fått fram smilet hjå fruktbonden på Tystad.

– Gode og fine eple

– Det var god blomstring, men så blei det kaldt i sommar. Heldigvis kompenserte september for veldig mykje, smiler Børre og legg det eine store, flotte eplet etter det andre i plukkeposen.

Kalde netter og varme, solrike dagar er akkurat det som skal til for at epla skal bli av topp kvalitet.

– Då blir både smaken og sukkerinnhaldet betre, og ein får fram den fine fargen. Til og med den gule aromaen har fått eit raudskjer, konstaterer Børre og legg til at aromaepla tåler nokre minusgrader før dei blir frostskada.

Han meiner kvaliteten på årets avling er heilt på topp og kan måle seg med kronåret 2014.

– Dette går inn i rekkja av verkeleg gode år, både med omsyn til storleik, farge og smak. Det er rett og slett gode og fine eple.