Olav Moritsgård.

– Kva med oss brukarane?

Olav Moritsgård (83), tidlegare ordførar i Gloppen gjennom tre periodar og no leiar av Gloppen eldreråd, følgjer nøye med på debatten om kommunesamanslåing.

– Regjeringa sitt utgangspunkt er større kommunar. Det betyr sentralisering av tenestene. Kva med oss brukarane, spør den røynde Sp-politikaren.

– Regjeringa, med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i spissen, hevdar at større kommunar med fleire innbyggjarar skal gje betre tenester. Men eg er skeptisk til kva ei sentralisering av dei kommunale tenestene vil bety for oss brukarane. Avstanden til dei som administrerer tenestetilboda vil bli lenger for mange, og det trur eg er uheldig, seier Olav Moritsgård.

– Det er kommunane som i praksis har ansvaret for oss innbyggjarane og for tilrettelegging av offentlege tenester. Eg meiner at nærleik mellom dei som styrer tenestene og oss som brukar dei er viktig. Nordfjordkommunane er stort sett store i areal, er grisgrendte og med store avstandar. Gloppen og Stryn er til saman eksempelvis like store som Vestfold fylke. Avstanden frå Gloppen si kommunegrense mot Flora og til inst i Myklebustdalen er like lang som frå Oslo til Sandefjord, og med ein heilt annan vegstandard. Avstandane er allereie svimlande store internt i kommunen, og dette vil naturlegvis ikkje bli betre om vi no slår oss saman med ein liknande kommune som Eid, peikar Moritsgård på.

Les heile saka i papirutgåva fredag.