Kurt Nilsen har ei særeiga stemme og eit vinnande vesen. Laurdag 11. juli står han på hovudscena i Breim. (Foto: Isabell Watson/Nice Talent)

Kurt Nilsen kjem til Breim

Amerikanske Rhonda Vincent blir denne sommaren hovudartist under Norsk Countrytreff. Publikum vil også få oppleve ein av dei mest ettertrakta liveartistane her til lands, Kurt Nilsen.

– Vi gler oss over at begge desse artistane kjem til Breim, seier dagleg leiar Eva Hage Solstad.

Norsk Countrytreff går av stabelen 9.-12. juli. Torsdag føremiddag vart artistlista for den 21. festivalen i rekkja presentert. Før den tid hadde dei tilsette ved festivalkontoret på Reed arbeidd på spreng for å få alle namna klare.

– Alle kjenner Kurt

– Onsdag kveld fekk vi endeleg stadfesta at Kurt Nilsen kjem til Breim. Vi har jobba ei stund med å få kontrakten med han i hamn. Det er mange ting som skal klaffe. Vi gler oss over at vi fekk dette i hamn før artistsleppet i dag, smiler Eva Hage Solstad.

Ho reknar med at alle i Noreg veit kven Kurt Nilsen er.

– Det norske folk vart kjend med han gjennom Idol i 2003. Etter sigeren i både Idol og World-Idol, har Nilsen fått mange spellemannsnominasjonar og har hatt fleire store hits på radio. Han er ein av dei mestseljande artistane i Noreg dei siste ti åra, og mange ønskjer å få oppleve han ”live”. Nilsen laga eit eige countryalbum i 2008, ”Rise to the Occasion”, og albumet ”Inni en god periode” frå 2013 inneheld også countryinspirerte låtar. Han har likevel eit repertoar som spenner vidt, seier ho.

Har fått fleire prisar

Solstad er stolt over å kunne fortelje at også Rhonda Vincent kjem til Breim.

– Vi har arbeidd nokre år for å få ho til Breim, og er svært glade for endeleg å ha lukkast. Ho har fått fleire prisar som bluegrassartist, men spelar også tradisjonell countrymusikk. Publikum har ønskt at ho skal kome til Breim. Vincent skal spele både på hovudscena og på kyrkjekonserten under festivalen, fortel ho.



Ved val av artistar satsar festivalleiinga alltid på å få best mogleg breidde innan countrysjangeren.

– Eg kjenner ei enorm glede over å ha fått på plass så mange gode artistar og over å kunne presentere ei slik breidde. Vi har prøvd å setje saman ei artistliste med både lokale, regionale, nasjonale og internasjonale namn. Artistgruppa med Nils R. Sandal i spissen har gjort ein veldig god jobb, slår Solstad fast.

Vassendgutane fredag

Vassendgutane kjem igjen i år.



– Publikum har gjeve tilbakemelding om at dei ønskjer at Vassendgutane skal vere her kvart år. Som knutepunktfestival er det venta at vi varierer litt, heller enn at vi har så mykje gjenbruk. Men vi er glade for at vi har fått Vassendgutane på plass. Dei blir å høyre på hovudscena fredag kveld, fortel den daglege leiaren.



Andre artistar og band som skal spele på hovudscena er Willy Clay Band frå Sverige, Billy Yates frå Nashville og norske Staut.

Rhonda Vincent frå Missouri er årets hovudartist under Norsk Countrytreff.
Vassendgutane er svangre med album nummer ni som kjem i mai i år.
Staut er eitt av dei mest populære live-banda i Noreg.