Karen Helga Maurstig i verkstaden med eit nett ferdig tresnitt.

Kunstnarstipend til Jølstring


Karen Helga Maurstig frå Jølster er tildelt Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) sitt BKH-stipend 2017 på kr 100 000,-

Maurstig er biletkunstnar, fødd i Nederland og busett på Vassenden. Stipend ho no har fått, kjem frå Bildende Kunstneres Hjelpefond.


Glad for stipendet


– Eg er veldig glad for å ha fått dette stipendet, seier Karen Helga Maurstig som har base og verkstad på Vassenden. «Bildende Kunstneres Hjelpefond» (BKH) sine stipend har som formål å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda ved kunstsentra i Norge. Stipendet er eit produksjonsstipend som skal stimulere kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane, heiter det i statuttane for den delen som omhandlar Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

– Maurstig har gjennom mange år har synt profesjonalitet og høg kvalitet i sitt kunstnarlege arbeid. Kunstfagleg råd ønskjer med tildelinga av stipendet å gje ytterlegare moglegheiter for kunstnarleg forsking og utprøving, heiter det i ei pressemelding.

Bok utan ord


Karen Helga Maurstig arbeider for tida med eit bokprosjekt, der boka, bortsett frå tittelen ikkje har eit einaste ord. Ho vil utvikle eit bokprosjekt, forankra i øygruppa Solund i Sogn og Fjordane der ho har sterke røter. Med utgangspunkt i dei arbeida og arbeidsmetodane ho har utvikla dei siste åra, ynskjer ho å utforske vidare temaet «Landskap og identitet».

– Eg vil lage ei bok som syner kva eg likar med naturen og landskapet der, seier Maurstig som har far frå Solund og såleis har røter i øykommunen.

– Denne boka er meint å vise mi tilknyting til dette landskapet og eg kjem til å bruke detaljar som gjer at bileta blir som bokstavar, eit språk, og eg vil få folk til å kjenne noko i forhold til dette landskapet, ikkje berre sjå, fortel kunstnaren som er fødd i Nederland, men alltid har hatt norsk statsborgarskap.

Fleire teknikkar


 

Karen Helga Maurstig kom til Jølster i 1995 og har vore der sidan. Ho er utdanna  ved kunstakademiet i Rotterdam og ved Statens Håndverks- og kunstindustriskule og har delteke på fleire utstillingar her til lands. i 2012 vart ho plukka ut til å vere med på to utstillingar i USA  Prosjektet ho held på med no, heiter «Kan ein lære å kjenne seg heime i eit framand landskap?» og Maurstig meiner at denne problemstillinga har vorte aktualisert gjennom den dagsaktuelle situasjonen med flyktningane som kjem til landet vårt.

– Kva teknikkar brukar du?

– Det er grafikk med bruk av trykkplater. Først brukte eg koparplater, seinare gjekk eg over til japansk tresnitt og brukar stort sett akvarellmåling på platene. Difor ser arbeida mine ofte ut som akvarellar og ikkje tresnitt, fortel ho.

Maurstig fortel også at ho samlar på gamle bokstavar frå den tida det vart nytta blysats i trykkeribransjen. Desse blir også brukte til trykking.

Stipendet som er eit produksjonsstipend skal brukast til å arbeide vidare med Solund og naturen der, får vi vite.

 

 

 

 



Karen Helga har samla på settekasser med innhald i mange år. Ho har både blysats og trebokstavar og her held ho på å setje saman ein tekst til å trykke i ei handlaga bok.

 

 

 

Karen Helga samlar på gamle bokstavar som ho brukar til å trykke med