Øystein Støfring sprang ankeretappen for Jølster.

– Kunne nyte sisteetappen

– Dette var kjekt. Eg kunne berre nyte etappen. Dei andre hadde skaffa så stort forsprang, smiler Øystein Støfring, ankermann på Jølster, som vann herrestafetten på Breim i dag. GFIL sikra sigeren på damestafetten.

– Det er alltid kjekt å delta på Breimstafetten, spesielt i dag når vêret er så fint og stemninga er så god. Dette er første gong eg spring for herrelaget til Jølster, men eg har sprunge for gutelaget og vore med på ministafetten tidlegare, fortel 15-åringen, som fyller 16 i løpet av året.

Til Oslo neste helg
Øystein Støfring likar å trene. Om sommaren er det springing og fotball det går i. Om vinteren driv han med langrenn.

– Korleis er det å springe stafett?

– Det er alltid moro. Når ein spring for eit lag, føler ein litt ekstra press og ønskjer å gjere det godt for laget. Det var kjekt å vinne herrestafetten i dag, seier han.

Neste helg skal han til Oslo og springe Holmenkollstafetten saman med lagkameratane frå Jølster.

– Det har eg sett fram til lenge. Eg var med på det for første gong i fjor, slår han fast.

150 på ministafetten
Breimstafetten vart skipa til for 79. gong på Reed stadion. Mykje publikum møtte opp i det fine vêret, og dei fekk vere vitne til god kappestrid mellom både store og små. Tradisjonen tru vart det skipa til Kongleriket ministafett, og her var i alt 150 deltakarar med.

Gutestafetten vart vunnen av Hyen IL, medan Førde friidrett hadde det sterkaste jentelaget.

Les meir i onsdagsavisa.


Resultatliste

Gutar
1. Hyen IL 8.39.82
2. Sandane T & IL 8.42.23
3. Jølster IL 8.44.35
4. Førde Friidrett 2 8.54.15
5. Breimsbygda IL 8.55.60
6. Hornindal IL 9.01.66
7. Fjellhug Vereide IL 9.04.10
8. STIL/Fjellhug IL 9.11.72
9. Førde Friidrett 1 9.51.38

Jenter
1. Førde Friidrett 9.25.66
2. Jølster IL 9.29.72
3. Fjellhug Vereide IL 9.38.14
4. Hornindal IL 9.39.75
5. Sandane T & IL 9.40.02
6. Breimsbygda IL 9.54.02
7. Markane IL 10.20.04
8. Hyen IL 10.36.38

Opa klasse/bedrift
1. Øygardane 6.33.48
2. Nordfjord FHS – Smurf og ski 6.39.75
3. Hyen Il 6.53.01
4. Nordfjord FHS – Personalet 6.53.71
5. Breim Skule 7.12.41
6. Kraftlaget SFE 7.14.93
7. Nordfjord FHS – Snickers & Twist 7.17.85
8. TINE Byrkjelo 7.31.88
9. Nordfjord FHS – Mix & Trix 7.34.72
10. Nordfjord FHS – Stippane 7.35.69
11. Spikersuppa 8.01.21

Damer
1. Gloppen FIL 7.15.93
2. Førde Friidrett 7.39.58
3. Nordfjord FHS – Pudderføre 7.55.35

Damer veteran
1. Breimsbygda IL 7.54.66

Herrar veteran
1. Førde Friidrett 12.09.69
2. Sandane Sykkelklubb 12.14.23
3. Gloppen FIL 12.40.34

Herrar
1. Jølster IL 10.42.92
2. Gloppen FIL 11.10.82
3. Nordfjord FHS – Piruetten 11.58.42
4. Jølster 2 12.18.70

Kraftprøva (bakkesprint)
Damer: 1. Julia Jordanger Loen, Breimsbygda IL
Herrar: 1. Robert Andre Moldestad, Breimsbygda IL