I fjor feira elevar og lærarar at Gloppen kulturskule var 40 år. Til hausten startar kulturskulen opp fleire nye tilbod.

Kulturskulen med nye tilbod

Gloppen kulturskule lanserer no ei rekkje nye tilbod. – Dette er nye og spennande tilbod med oppstart i august. Det blir førstemann til mølla, så det løner seg å vere rask med påmeldinga, seier inspektør John Rune Ødven.

– Vi har hatt eit samarbeid med musikklinja på Firda som snart har eksistert i 40 år. Musikklinja pleier å kjøpe timelærarressursar frå Gloppen kulturskule. Dette har vore ein vinn-vinn-situasjon for begge partar. Musikklinja har kunna tilby opplæring på eit breitt spekter av instrument, medan vi i stor grad har kunna lyse ut heile stillingar,
forklarer Ødven.

Samarbeidet har vore på det jamne, og planlegginga til både kulturskulen og Firda har teke omsyn til dette.

– Til hausten treng ikkje Firda å kjøpe så mykje lærarressursar frå kulturskulen som dei har gjort før. For oss er det snakk om rundt eitt årsverk. Dette fekk vi kjennskap til for nokre veker sidan, seier inspektøren.

Dermed må kulturskulen følgje opp med å ta inn fleire elevar og plusse på med nye tilbod slik at lærarane ved kulturskulen ikkje får mindre å gjere.

Les meir om dei nye tilboda i papiravisa fredag.