Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Kulturpris for bok om asylmottak

Katrine Sæle og Anne Lise Øvrebø fekk kvar sin pris av ordførar Oddmund Klakegg

Kulturpris for bok om asylmottak

På kommunetyremøtet i dag vart årets Kulturpris tildelt Katrine Sæle, medan tiltaksprisen gjekk til Anne Lise Øvrebø. 

Bok om Asylmottak

Katrine Sæle får kulturprisen først og fremst for boka «Jølster Hotell- historier frå eit asylmottak» som kom i vår.

-Kulturprisen går til ein persomn som har sett Jølster på det litterære kartet.  Ho har i år gjeve ut ei sterk og viktig bok om ei av dei viktigaste sakene i vår tid, nemlig flyktningkrisa. Gjennom boka «Jølster Hotell – historier frå eit asylmottak» har ho kome tett innpå menneska som er råka av dette. Ho har makta å gje oss som ikkje kan forstå korleis dette livet er, eit litt betre innblikk i denne ventetida asylsøkjarar og flyktningar lever i, sa ordførar Oddmund klakegg om prisvinnaren

Katrine Sele er utdanna journalist og forfattar, har tidlegare motteke presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag, Sivleprisen for framfrå nynorsk, samt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Ho har portrettert både Oddvar Torsheim og Kenneth Sivertsen.

Smykkekunstnar

«Laga med omtanke – gitt med omtanke» er mottoet til årets vinnar av tiltaksprisen

Når Jølster kommune deler ut ein tiltakspris så skal det vere ei honnørutmerking til ei bedrift, ei verksemd, eit enkeltmannsføretak eller ein institusjon som på ein positiv måte har utmerka seg. Og det har gullsmed og filigransarbeidar Anne Lise Øvrebø gjort med etableringa av Øvrebø Smykkeverkstad. For kven skulle tru at det gjekk an å leve av å vere smykkekunstnar på vesle Ålhus i Jølster? I åra som har gått sidan starten i 2003 har ho jobba jamnt og trutt og verkeleg utmerka seg på ein positiv måte. Smykka ho har designa tek utgangspunkt i det som er sermerkt med Jølster. Kolleksjonane henner har namn som Åkle, Hugleiksølv, Jølstring, Heil ved og Rabarbra. Meir Jølstersk blir det ikkje. Anne Lise  er og kunstnaren bak smykket Liljekrossen som Jølster kommune kvart år gjev til nyfødde, ei unik gåve som blir sett stor pris på, sa ordføraren då han delte ut prisen i dag.

Anne Lise Øvrebø og smykkeverkstaden hennar fekk årets tiltakspris.

Brukar naturen og ny teknologi

Jølster og naturen her blir brukt aktivt i marknadsføring av smykka. Bilda av dei ulike kolleksjonane er i stor grad tatt rett over vegen for verkstaden hennar, i fjøra ved Eikaasgalleriet. Den slitte veggen på det gamle naustet og Jølstravatnet dannar bakgrunn for blenkjande smykke og skapar gjenkjenning, det har blitt ei merkevare for Jølster.

Anne Lise Øvrebø har og greid å kombinere eit gammalt handverksfag med ny teknologi. Ho har tort å satse og investert i avansert datautstyr som gjer at ho no kan produsere meir og enklare. I starten laga ho berre eitt eksemplar av kvart smykke, men erfarte etter kvart at kundane var mindre opptekne av det eineståande enn av designet. Ho var tidleg ute med å etablere nettbutikk, noko som har gjort at kundekrinsen hennar strekkjer seg langt ut over kommunegrensene. På denne måten har smykkeverkstaden i løpet av desse fjorten åra gått frå å vere ein arbeidsplass til eit levebrød, sa ordføraren som også gjorde det klart at jølstringane er stolte av smykkekunstnaren som har smykka sine hengande på mange jølstringar og også mange andre, mellom dei HM Dronning Sonja.

 

Liljekrossen som alle nyfødde jølstringar får, er mellom smykka som er designa av Anne Lise Øvrebø