Ungdoms- og fylkespolitikar Torbjørn Vereide reagerer sterkt på at knutepunktordninga nærast kan bli radert vekk. Han går gjerne i fakkeltog for ordninga. Arkivfoto

– Kulturpolitisk skandale

– Det er ein kulturpolitisk skandale å legge ned store deler av knutepunktordninga, seier ungdoms- og fylkespolitikar Torbjørn Vereide (Ap).

Han reagerer sterkt på dei heilt klare signala frå regjeringa om at det meste av knutepunktordninga for festivalar vil forsvinne, og berre Festspela i Bergen og Harstad vil få støtte heretter.

– Deprimerande

– Om det ikkje er sjokkerande, for ein har jo fått signala før, er det deprimerande at dei miljøa som har bygt opp gode tilbod berre skal rivast vekk. Dette går utover det tverrkulturelle arbeidet rundt knutepunktordninga, og vil gje negative ringverknader som forplantar seg utover, seier Vereide.

Han er ikkje i tvil om at dette t.d. har løfta Norsk Country treff til å vere noko meir enn berre ein countryfestival, og at det har løfta kompetansen både i miljøet og festivalforumet. Det same gjeld for Førde-festivalen.

Opp til KrF og Venstre

– Dette tek lang tid å bygge opp, men er fort gjort å rive ned. Det er hjarteskjerande å sjå, seier Vereide.

Han er klar på at han har støtte sentralt i Arbeidarpartiet på at dei framleis vil halde på ordninga.

– Dette kjem til slutt til å stå på støttepartia Venstre og KrF, og kor mykje dei vil bry seg om det. Eg håpar dei no tenkjer seg nøye om. Dette er ei svært viktig ordning, der ei rasering får langsiktige konsekvensar, seier Torbjørn Vereide.