Gro-bygget i Hornindal. (Foto: Harald Vartdal)

Kulturminneplanar gav statlege kroner

Gro-bygget i Hornindal, Selje kloster og Kystpilegrimsleia har fått til saman 750 000 kr i statlege verdiskapingsmidlar frå Riksantikvaren.

Det fylkeskommunale prosjektet Lokale kulturminneplanar gjev resultat. Hornindal kommune ferdigstilte kulturminneplanen sin i fjor, og alt i år har eitt av kulturminna i planen fått midlar over statsbudsjettet.

Viktig arbeid for å få pengar
Gro-bygget i Hornindal er eit tradisjonelt industribygg frå 1960-talet, som no er tenkt rusta opp til aktivitetshus i bygda. For å få til dette, trengs det midlar til mellom anna vedlikehald. No har Riksantikvaren gjeve eit tilskot på 150 000 kr til å starte opp arbeidet. Den lokale frivilligsentralen står bak søknaden.

Fylkeskonservator Eva Moberg er svært glad for at nettopp denne søknaden vann fram i konkurranse med mange andre.

– Dette viser at kulturminneplanarbeidet er viktig for å kome i posisjon til å hente ut tilskotsmidlar. Lokal mobilisering rundt kva som er viktige kulturminneverdiar, saman med prioritering av tiltak for å vidareutvikle kulturminna som ressursar i lokalsamfunna, er noko av det vi har oppmoda kommunane om å gjere. No ser vi at dette gjev resultat, seier Moberg.

Pengar til pilgrimshistorie og kloster
Sogn og Fjordane har også fått midlar til arbeidet med Kystpilegrimsleia og Selje Kloster. I prosjektet Kystpilegrimsleia samarbeider fylkeskommunane og bispedøma langs kysten frå Stavanger til Trondheim om å legge til rette infrastruktur slik at det vert mogleg å følgje pilegrimane sin sjøreise langs kysten.

Riksantikvaren har gjeve eit tilskot på 500 000 kr til planlegging av ulike opningsarrangement i 2018. Arbeidet skal skje i tett dialog med Forbundet Kysten og dei lokale kystlaga.

Også Selje kloster får pengar frå Riksantikvaren. Selje kommune har i mange tiår jobba aktivt for å formidle dei unike klosterruinane på Selja. I år har dei fått 100 000 kr i verdiskapingsmidlar til å utbetre stiar og trapper i terrenget.

Kulturminnesatsingar med stort potensial
Prosjektet Lokale kulturminneplanar skal styrke lokale kulturminneverdiar. Alle kommunane i fylket skal vedta ein kulturminneplan, som skal hjelpe dei å prioritere, engasjere og motivere til satsing på kulturminne.

Riksantikvar Jørn Holme meiner bruk og gjenbruk av kulturminne er ei spanande satsing.

– Vi har stor tru på å bruke kulturminne som utgangspunkt for verdiskaping. Det gir mange moglegheiter for nyskapande næringsliv og kulturturisme, seier Holme.