Home   >   Nyhende   >   Krev nedbygginga av Heimevernet stoppa

Liv Signe Navarsete.

Krev nedbygginga av Heimevernet stoppa

PRESSEUTTALE Nedbygginga av Heimevernet må stansast straks! Det er den klare meldinga frå Senterpartiet.

I dag fremja Senterpartiet forslag i Stortinget med følgjande tekst:

«Stortinget ber regjeringa stanse alle pågåande nedskjeringsprosessar i Heimevernet, inklusive Sjøheimevernet, inntil Landmaktutgreiinga er handsama på Stortinget». 

Under handsaminga av Forsvarets langtidsplan blei det sagt at ein skulle behalde dagens Heimevern og oppretthalde tal soldatar i Heimevernet fram til den såkalla Landmaktutgreiinga blir lagt frem i Stortinget til hausten.

– At regjeringa bryt ned Heimevernet på eiga hand, er fullstendig uakseptabelt.

Dei siste månadene har det likevel kome fram at regjeringa  alt er i full gang med å redusere tal soldatar i Heimevernet og leggje Sjøheimevernet. 
 
Senterpartiets forsvarspolitiske talskvinne, Liv Signe Navarsete, meiner regjeringa si nedbygging av Heimevernet må stoppast straks. 
 
– At regjeringa bryt ned Heimevernet på eiga hand, er fullstendig uakseptabelt. Nedbygginga av Heimevernet, Hæren og Kystforsvaret er ei svekking av den funksjonelle staten og den strukturen heile vår økonomi og vårt fellesskap byggjer på. Noregs eksistens er avhengig av at me har truverde til å forsvare og handheve suverenitet over vårt eige territorium, slår Navarsete fast.

Ho tykkjer det er vanskeleg å forstå kvifor Høge og Frp vil byggje ned Heimevernet no.

– At regjeringa legg ned Sjøheimevernet, i eit land med verdas nest lengste kyststripe, er ikkje til å tru.

–  Regjeringa la i fjor fram ein halvferdig langtidsplan, der ein ikkje la fram ein investeringsplan for Hæren og Heimevernet. Dette var me sterkt i mot, då me visste at dette kunne kome til å føre til ei farleg svekking av Hæren og Heimevernet. Regjeringa nekta for dette, men sa ein ikkje visste korleis framtidas Hær og Heimevern skulle sjå ut. No veit tydelegvis Høgre og Frp dette likevel, etter som dei meiner dei no kan rasere Heimevernet mange stader i Noreg.

Navarsete åtvarer mot å nedvurdere kor viktig kompetansen i Heimevernet er.
 
– Heimevernet består i dag av om lag 44 000 norske soldatar med kjærlighet for og vilje til å forsvare landet og lokalsamfunnet sitt. Forsvarskompetansen til soldatane kombinert med deira unike lokalkunnskap gjer Heimevernet til ein unik og avgjerande ressurs for Noreg. At regjeringa legg ned Sjøheimevernet, i eit land med verdas nest lengste kyststripe, er ikkje til å tru, seier Navarsete. 

– No er altså alle Høgre sine løfte brotne.

Navarsete peikar på at regjeringa gjekk til val på nøyaktig det motsette av den nedbygginga av Heimevernet dei no gjennomfører.
 
– Før valet i 2013, rykka Høgre sin noverande forsvarsminister ut og varsla at Høgre ynskte eit styrka Heimevern og ei «massiv auke» i landmilitær evne. Seinast i 2014 lova forsvarsministeren i ei tale til Landsrådet for Heimevernet at «Sjøheimevernet skal videreføres med nåværende oppgaver knyttet til maritim overvåking, kontroll med skipsfarten og med styrket innretning mot sikring av objekter». No er altså alle Høgre sine løfte brotne, avsluttar Navarsete.