Eivind Fossheim vil ikkje ha meir kraftutbygging i Jølstra

Kraftutbygging skapar protest

Etter at det for ei veke sidan vart kjent at NVE tilrår konsesjon til Sunnfjord Energi på ny, stor kraftutbygging i Jølstra, har det vore registrert reaksjonar både fir og i mot.

Ein av dei som er sterkt i mot kraftutbygginga, er eigar av Norsk Fiskesenter AS på Vassenden, Eivind Fossheim.

Skuffa
-– Eg er djupt skuffa over det manglande ansvaret Jølster kommune og grunneigarane har vist for bygda og livsmiljøet, skriv Eivind Fossheim i ein kommentar til Olje og Energidepartementet etter at det vart klart at NVE tilrår konsesjon på kraftutbygging i Jølstra.

-Kan NVE la 38 grunneigarar få avgrense dei mogelegheitene det er for naturbasert næringsutvikling som fisketurisme, hytte- og camping-utleige, raftingopplevingar og andre naturopplevingar?, spør Fossheim vidare.

Ikkje nye moment
— Dette var harde ord, men vi har hatt ein god og grundig prosess og saka har vore godt opplyst, seier ordføraren i jølster, Oddmund Klakegg som minner om at denne utbygginga må sjåast i ein større samanheng. Han ser heller ikkje at Eivind Fossheim tilfører nye moment i saka.

Meir om dette i papiravisa fredag