Illustrasjonsfoto frå Kjøsnesfjorden Kraftverk.

Kraftfusjonen er eit faktum

Generalforsamlinga i Sunnfjord Energi Holding gjorde i dag vedtak om full fusjon med BKK.

Sunnfjord vert med dette BKK sitt regionsenter i den nordlege delen av Vestland fylket, og fusjonen er venta å gje ein auke på 40 arbeidsplassar i Sunnfjord og ytre Sogn. For BKK betyr fusjonen eit neste steg i selskapet si industrielle utvikling, heiter det i ei pressemelding som dei to selskapa har sendt ut.

- Ei krevjande sak

- Vi er glade for at fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK no er ein realitet. Dette har vore ei krevjande sak for alle involverte, men med vedtaket i dag er vi eit steg vidare på vegen mot eit sterkt vestlandsk fornybarselskap, seier Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK, i pressemeldinga.

For kundane til Sunnfjord Energi vil fusjonen redusere samla nettleige med 30 prosent årleg, som betyr ca. 4500 kroner for ein familie med normalt forbruk. Det har vore viktig å gje kundane betre vilkår, men for styret i Sunnfjord Energi har ikkje lågare nettleige vore avgjerande i spørsmålet om fusjon.

- Det var svært viktig for oss å forhandle fram ein avtale som uavhengig av lågare nettleige er så god at den vil vere til beste for eigarane, kundane, dei tilsette og regionen. Eg er glad for at eigarkommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn har gitt si tilslutning til denne, seier styreleiar Arvid Andenæs.

Vidare prosess

Det skal no etablerast eit integrasjonsprosjekt som skal følgje opp alle aktivitetar knytte til fusjonen.

- No går vi inn i det vidare arbeidet med stor entusiasme. Den tette og gode dialogen mellom oss, dei tilsette og administrasjonen i Sunnfjord Energi skal følgjast opp. Saman skal vi gjere vårt beste for å skape ei varig positiv utvikling for både tilsette, kundar og eigarar i Sunnfjord og Ytre Sogn, seier Jannicke Hilland.

Sunnfjord Energi har i dag 120 medarbeidarar som blir omfatta av fusjonen. Internettleverandøren Enivest vil fortsette som sjølvstendig selskap, med BKK og SFE som største eigarar.

Samla kraftproduksjon i Sunnfjord Energi var i 2018 på 528 GWh og selskapet har 15 800 nettkundar.