Køyrde bil med hund i fanget

Politiet i Florø gjorde ein uvanleg observasjon tidlegare i denne veka.

Det skjedde under ein trafikontroll. Ein bilførar vart stogga. Årsaka var at han hadde ein hund i fanget under køyringa. Det resulterte i at han fekk ein merknad. I same kontrollen vart ein førar meld for promille og ein fekk merknad for dårleg sikring av barn i bilen.

UP stogga også ein bilførar som bles positivt i alkometeret. Vedkomande vart teken med til lege for blodprøve.

Mykje hjort


Det er også grunn til å vise stor aktsemd under køyring på strekningar der det er hjortefare. Politiet rundt om i fylket melder om ei rekkje kollisjonar mellom hjort og bil.