Ingvill Hestenes og Melin Medical er svært nøgde med at dei får lov å ta gebyr for transaksjonar på helseautomatane deira.

Kortgebyr ved legebesøk er tillate

Justisdepartementet si lovavdeling har no slått fast at det er lov å ta gebyr for betaling med kort etter legebesøk, fordi Finansavtaleloven gjeld også i helsesektoren.

Det er strenge reglar for bruk av eigendelar i helsevesenet. Det har vore usikkert om gebyr for kortbetaling skal reknast som ein eigendel. Helse- og omsorgsdepartementet ba difor Justisdepartementet si lovavdeling om ei vurdering av kva reglar som gjeld.

Lovavdelinga har no kome med sin konklusjon, og svaret er eintydig: Fastlegar har lov til å krevje gebyr for å dekke transaksjonskostnader ved bruk av kortbetaling etter legebesøk:

«Vi vurderer det derfor slik at fastleger gjennom det nevnte regelverket ikke er avskåret fra å kreve gebyr fra pasienter for bruk av et betalingsinstrument innenfor rammene av finansavtaleloven § 39 b første ledd»

- Vi er glade for at styresmaktene no har stadfesta forståinga vår av lovverket, sier Ingvill Hestenes, dagleg leiar i Melin Medical og held fram:

- Uttalen fra lovavdelinga er viktig fordi den gjer det mogleg å ta betalt for transaksjonar, også i helsesektoren. Denne avklaringa skaper føreseielege rammer for oss som utviklar løysingar der legen får bruke tid på pasientane heller enn på administrasjon og kontorarbeid.