Vanylven felleskor.

Kor- og orkesterkonsert i Vereide kyrkje

Vereide kyrkjekor og Vanylven kyrkjemusikk arrangerer konsert med felleskor og songgruppe frå Vanylven, samt musikarar frå området komande søndag.


Konserten er ein reprise med nesten det same programmet som Vanylven kyrkjemusikk ved kantor Brunhilde Engelhardt presenterte på nyttårskonserten i Vanylven 28. januar.

Vanylven Felleskor, eit kor på rundt 50 songarar frå kora i Vanylven, hadde sidan november øvd inn eit variert repertoar med musikk av Johann Sebastian Bach, Felix Mendelssohn Bartholdy, Camille Saint-Saens og Georg Friedrich Händel med fleire. Det same hadde Vanylven Songgruppe, eit ensemble av omtrent sju songarar som likar ekstra utfordringar med å synge i ei lita gruppe.

Konserten var vellukka og oppløftande både når det gjeld musikken og fellesskapet, og songarane kom med ønske om å ta det igjen ein annan plass. Ideen var å framføre konserten i nærleiken av Sandane, sidan dei fleste musikarane er frå dette området. Det var Kari Pavelich som foreslo Vereide kyrkje med sin flotte akustikk. Kantor Anders Rinde var veldig positiv til dette, og sidan alle felleskorstykka allereie er ein del av Vereide kyrkjekor sitt repertoar, foreslo vi å arrangere konserten i lag.

Og førstkomande søndag skal det altså vere felleskonsert i Vereide kyrkje med kora både frå Vanylven og Vereide. På programmet står m.a. den velkjende "Hallelujah" av Händels "Messias".

Ann-Margret Silfverhielm skal synge solostykket "Rejoice greatly" frå "Messias", og elles er Henri Eftevand og Kari Pavelich på fiolin, Simona Fraas Johnsen på bratsj, Hans Holgersson og Sanja Dukanac på cello, Ove Mjåtveit på kontrabass og Tone Støylen med i orkesteret som skal også framføre eit par instrumentalstykke åleine.

Publikum får her høve til å få med seg ei flott oppleving med song og musikk av høg kvalitet. Så ta gjerne turen til Vereide kyrkje søndag kveld.