Maria Toresen. Pressefoto.

Konsert i Fjærland

Sjølvaste Jonsokaften førstkomande fredag arrangerer Bokbyen i Fjærland konsert på Fjordstova med Maria Toresen. Toresen kjem til Fjærland saman med makker og opphaveleg fjærlending Olaug Mundal (piano).

Stavangerbaserte Maria Toresen er ein låtskrivar og musikar frå den vesle, idylliske bygda Sandeid, heilt nord i Rogaland. Ho har dei siste to åra bygd seg opp som ein kjend soloartist live og på plate, både på engelsk og norsk.

I november 2015 debuterte Maria med albumet «Birds don`t tell», og bergtok ein fullsett Tou Scene med releasekonserten sin. Den sterke vilje og personlegdom hennar blei i Haugesunds avis samanlikna med Susanne Sundfør. Vidare presenterte Stjernepose på P13 henne som ei av Noregs mest spanande nye stemmer. Musikken er blitt spelt på P3, P13, NRK Rogaland og Radio 102.

Maria har spelt mykje live, mellom anna som support for Ida Jenshus, Moddi, og Erlend Ropstad. Ho har vore deltakar på bransjetreffa Sørveiv og 100 dagar samt Fjellparkfestivalen, Vikedal Roots & Music Festival og Stavanger Konserthus.

På scena er det nedstrippa instrumentering, der ho inviterer til ei nær konsertoppleving. Maria dykkar ned i duoformatet saman med Olaug Mundal på tangentar, dei reindyrkar eit ærleg og nyansert uttrykk.

Forutan å vere ein vokalist som treff deg i beinmargen, akkompagnerer ho seg sjølv med eleganse og gjev assosiasjonar til Joni Mitchell og First Aid Kit.