Vindhella, Kongevegen over Filefjell.

Kongeveien fekk kongepris

Arbeidet med «Kongeveien over Filefjell» fekk torsdag prisen «EU Prize for Cultural Heritage/ Europa Nostra Award», som er Europas mest prestisjefylte pris innanfor kulturminnevernet.

Tildelinga vart offentlegjort i dag, men sjølve prisen vert delt ut under European Heritage Congress i Finland 15. mai.

Nominasjonen av Kongeveien er eit fellesarbeid fra Vegvesenet, Oppland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vang kommune og Lærdal kommune.

I tillegg fekk Norsk Fyrhistorisk Forening pris for sitt arbeid med fyr og fyrstasjoner langs kysten.

Det var 202 nominasjonar frå 39 land til prisutdelinga i år, berre 29 prosjekt, frå 18 land, fekk prisar.

– Alle våre prisvinnarar viser at kulturarven er vesentlig for ein berekraftig økonomisk utvikling, sosial tilhørighet og eit meir inkluderande Europa. Leiarane i EU må bruke det historiske høvet som ligg i «Det europeiske kulturminneår» 2018, til å erkjenne korleis kulturarven, og dei fundamentale verdier den har, knyter land, samfunn og kulturer saman i Europa, sa Plácido Domingo, den berømte operasangeren, og president i Europa Nostra under pristildelinga.

Kongevegen har vore rusta opp og sett i stand og opna offisielt på nytt i september 2016.

 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •

Nytt frå heimfylket?

– Følgjer du oss på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.