Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Konferansesal vart systove

Slik har du ikkje sett konferansesalen til Gloppen Hotell før...

Konferansesal vart systove

Konferanse- og selskapssalen til Gloppen Hotell var nesten ikkje til å kjenne att denne helga.

Den lokale butikken Fantasi hadde nemleg invitert til syhelg, og 25 kvinnelege deltakarar sat bak kvar si symaskin og produserte teppe, klede, vesker og mykje anna fint.

– Her kan ein sy det ein vil, bli inspirert, lære av kvarandre og ikkje minst ha det sosialt og kjekt i lag, fortalde arrangørane Inger Karin Grov og Aslaug Berget Alsaker då Firda Tidend var innom laurdag ettermiddag.

Dei hadde flytta delar av butikken frå Nordstrandsvegen til Top Foss på hotellet, og gjort om det som vanlegvis er ein konferanse- og selskapssal til ei stor systove.

– Dei fleste som er her, er quiltedamer, men det er fire som syr klede i dag, sa Grov og Berget Alsaker.

Les meir om syhelga i papirutgåva tysdag.